Hopp til hovedinnhold
Artikkel

«Klimaet treng ikkje ideologisk proteksjonisme»

– Å glorifisere kraftisolasjon er å avvise det store godet vi nyt frå internasjonal handel og samarbeid, skriv 1. nestleiar i Unge Venstre, Ane Breivik.

Publisert 16.03.2020
av Ane Breivik, 1. nestleder i Unge Venstre

– Å glorifisere kraftisolasjon er å avvise det store godet vi nyt frå internasjonal handel og samarbeid, skriver 1. nestleder i Unge Venstre, Ane Breivik, i Framtida.no 5.mars 2020.

Klikk her for å lese innlegget i sin helhet på Framtida.no.

"Dagens barn og unge veks opp raskt. Rapport etter rapport målberer det vi har visst lenge: vi har lite tid igjen.

Scenarioa dersom vi ikkje når klimamåla våre er ikkje vanskelege å førestille seg. Vi ser det allereie i dag. Menneske legg ut på flukt som følgje av tørke og ekstremvêr. Artar blir utrydda i eit tempo utan like. Reine og trygge bestandar av drikkevatn blir mindre og mindre tilgjengelege. Jordkloden blir vanskelegare å leve på.

Å løyse klimakrisa er for viktig til at saka berre kan vere reservert mindre støtteparti med grøne segl. Vegen til fornybarsamfunnet må vere truverdig og langsiktig. Uavhengig av kva regjering, ideologi eller kampsak som vinn fram i 2021 eller 2025, så må dei politiske partia evne å utvikle tiltak som kan stå seg over tid.

Romantiserer energipolitisk einsemd

Nettopp difor er det urovekkande at enkelte parti lèt sin innbitne, ideologiske kamp mot internasjonalt samarbeid stå i vegen for viktige klimatiltak. For to år sidan var det EUs energibyrå, ACER, som var stridskjerna. I dag er det kraftkabelen NorthConnect som får motstand frå ein allianse beståande av Frp, Sp, SV, Raudt og Ap.

Ap-nestleiar Hadia Tajik skreiv på si Facebookside i desember at den norske vasskrafta, «det felles arvesølvet vårt», ikkje måtte «selges ut at landet». Enkelte motstandarar av kraftkabelen verkar nærast å romantisere energipolitisk einsemd. Ei skjebne som ikkje er så vilt forlokkande i ei krise der vi ikkje kan isolere oss.

For vesle Noreg har det neppe verken best eller tilstrekkeleg når vi er for oss sjølv. Vi vil nyte godt av å importere vindkraft når det blæs sterkt i Skottland. Vi vil nyte godt av at Skottland importerer norsk vasskraft når det er vindstille i Nordsjøen, og dimed har moglegheit til å fase ut det siste gasskraftverket i Peterhead. Rett og slett fordi klimakrisa er ei internasjonal utfordring som krev samarbeid på tvers av landegrenser.

Milliardinntekter å henta på kraftkabel

Fagforeiningane, som i mange år har kjempa mot kablar til utlandet, har argumentert med frykt for at det kan auke prisane på straum og nettleige. Same grunngjeving var rådande då fleirtalet i Vestland fylkeskommune gjekk imot NorthConnect. Det er etter NVEs utrekningar snakk om ein mogleg isolert prisauke mellom 1 og 3 øre per kilowattime. Ein beskjeden auke for landet med dei billegaste straumprisane i Europa.

For all del, eg har sympati med dei som fryktar ei eventuell auke i straumpris. Men vi må ikkje gløyme at fellesskapet har milliardinntekter å hente på kraftkabelen.

Milliardinntekter som kan finansiere norske kommunar og vår felles velferd. Milliardinntekter som kan gå til norske sjukeheimar og barnehagar, kulturtilbod og arbeidsplassar. Dette samtidig som kabelen kan kutte to millionar tonn CO2 – om lag fire prosent av norske utslepp – i året.

Når ein seier nei til NorthConnect, så seier ein nei til god politikk for norske kommunar, for norsk velferd, og for det globale klimaet. Ein seier nei til politikk på linje med verdiane ein sjølv lovpriser, berre for å tilfredsstille eit tankegods om at norsk vasskraft tydelegvis skal vere reservert for Noreg sjølv. Ei klissete blanding av proteksjonisme, nasjonalisme og rein populisme.

Kraftisolasjon undegrev klimatruverdet

Å glorifisere kraftisolasjon er å avvise det store godet vi nyt frå internasjonal handel og samarbeid. Ikkje minst undergrev det den viktige rolla Noreg kan spele på eit kontinent som omstiller seg frå fossil energi i åra framover.

Det undergrev klimatruverdet til fleire parti. Det undergrev håpet om at vi på tvers av parti kan finne dei riktige løysingane for framtida.

Løysingar ein skulle trudd at vi, i møtet med vår tids største utfordring, ikkje vil la ideologisk proteksjonisme stå i vegen for."

Foto: Erika Melhus / Unge Venstre