Hopp til hovedinnhold
Artikkel

Kraftkabelen burde fått ein sjanse

"NorthConnect er bra for både klimaet og Norge," skriver Bergens Tidende på lederplass, og foreslår flere gode kompromisser for å få til et lønnsomt klimatiltak.

Publisert 12.12.2019

Klikk her for å lese lederartikkelen på BT.no.


Tysdag morgon la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram rapporten som viser at North Connect-kabelen kan ha eit samfunnsøkonomisk overskot på 8,5 milliardar kroner gjennom levetida på 40 år.

Det tok ikkje mange timane før Frp, Senterpartiet og Raudt hadde varsla at dei var svært kritiske til kabelen, som etter planen skulle gått frå Sima i Hardanger til Peterhead i Skottland. No har også Ap kasta seg på.

Dermed er det vanskeleg å sjå korleis prosjektet kan bli sett ut i livet. Baksida av medaljen er nemleg at NVE meiner kabelen kan auke kraftprisen i Noreg med 1–3 øre pr. kilowattime, i tillegg til noko høgare nettleige.

Samstundes har Espen Barth Eide, klimapolitisk talsperson i Ap, rett når han til Dagbladet seier at bygging vil vere «klimamessig kjempelurt».

Ein ny kraftkabel mellom Noreg og Storbritannia ville ført til at britisk, fossil energi blir bytt ut med norsk, fornybar straum. Det ville vore eit viktig framsteg.

Poenget med kabelen er utveksling båe vegar. Etter kvart som Skottland byggjer ut si vindkraft, vil norsk industri og norske heimar kunna nytt godt av skotsk straum når prisen er lågare der enn her.'

Det er offentleg eigde kraftselskap i Noreg som har søkt om kabelkonsesjonen. Inntektene deira går ikkje nokon annan plass enn i felleskassa her heime.

I staden for å klamre seg til sin eigen førehandsdom, bør nei-partia no lese NVE-rapporten og ta ei ny vurdering. I andre saker hevdar Frp at dei er eit «ja-parti» når det kjem til næringsaktørar som vil utvikle Noreg.

No slår dei døra igjen omtrent før dei har teke imot rapporten. NVE ligg attpåtil under olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp). Han burde ha vist sin eigen fagetat meir tillit enn dette.

Med eit så stort samfunnsøkonomisk overskot kunne ein sett på om meir pengar kunne ha gått til norske forbrukarar i redusert nettleige, slik at ulempene med kabelen blei redusert.

I framtida treng Noreg fleire bein å stå på enn olje- og gassindustrien. Grøn, utsleppsfri industri vil vere heilt avgjerande for at vi i framtida skal finansiere ein sterk velferdsstat.

Då kan vi ikkje låse Noreg inne og kaste nøkkelen.

Kraftkabelen North Connect hadde fortent ein betre debatt enn den politikarane no driv fram. Kabelen har sine negative sider, men mykje taler for at den er bra, både for klimaet og Noreg.

(Foto av Eirik Brekke / Bergens Tidende arkiv)