Hopp til hovedinnhold
Artikkel

Kraftutveksling er bra klimapolitikk

Kraftutveksling er bra klimapolitikk som er heilt nødvendig for å fjerne den fossile energien som øydelegg klimaet vårt, skriver Gaute Eiterjord, Leder for Natur og Ungdom, i Energi og Klima.

Publisert 31.01.2019
av Gaute Eiterjord, Leder i Natur og Ungdom

Klikk her for å lese artikkelen i sin helhet på Energi og Klima sine nettsider.


Det hastar meir enn nokonsinne med å løyse klimakrisa, og då treng me meir fornybar energi. For å erstatte fossil energi treng me fornybar energi som sol og vind. Sidan dette er uregulerbar kraft speler den den norske vasskrafta ei nøkkelrolle som balansekraft.

Når sola ikkje skin i Tyskland og vinden ikkje blæs i Danmark, kan vasskrafta vår levere straumen som trengst slik at ein ikkje må slå på eit kol- eller gasskraftverk. I Danmark har kraftutveksling med Noreg gjort det mogleg å legge ned kolkraftverk og satse på vind, og ein har kutta ti millionar tonn CO2 – like mykje som ein femtedel av dei årlege norske utsleppa!

Kabler
Når land deler på straumen, kan me også spare meir natur for kraftutbygging ved at straumen kan brukast effektivt, der den trengst når den trengst, skriv artikkelforfattaren. (Illustrasjon: Statnett)

Den planlagte NorthConnect-kabelen mellom Noreg og Skottland vil kunne erstatte straum frå kolkraft og kutte fleire millionar tonn CO2 årleg. Dette er ein mykje betre og framtidsretta måte å levere energi på enn gasseksporten me driv med i dag.

(...)

Det er ein myte at det er utanlandskablane som driv opp straumprisane i Noreg. Kor høg straumprisen er avhenger av fleire ting. Ifølge NVE og Cedrens utrekningar vil prisen gå opp med 1,5–2 øre per kWh som følge av nye kablar. Den norske kraftprisen var i gjennomsnitt 42 øre/kWh i 2018, og det er ein auke frå 2017, men å gi kablane skulda for dette blir ikkje riktig. I debatten om straumprisar og utanlandskablar blir det hevda mykje forskjellig, Industri Energi set til dømes likskapsteikn mellom utanlandskablar og dobling av straumpris. Derfor trengst det meir redelegheit i debatten, og særleg politikarar bør vakte seg for å tillegge kablane ein annan effekt enn dei har.

Kva er pådrivar for høgare straumprisar? Jo, det er nemleg at CO2-avgiftene endeleg går opp. Prisen på klimakvoter i EU har auka det siste året, og for å løyse klimakrisa er dei nødt til å bli endå dyrare. Dette påverkar også norske straumprisar, all den tid me er kopla på ein felles europeisk straummarknad i dag. Men eg har vanskeleg for å tru at Sakariassen og SV meiner det er dumt at det blir dyrare å forureine?

(...)

Kraftutveksling gjer og at me kan kjøpe billig straum av land med overskot, til dømes når det blæs mykje i Danmark. Med ei stor utbygging av fornybar energi i Europa vil dette gjere at Noreg forhåpentlegvis får lågare straumprisar i framtida, men då må me bidra til å sikre denne utbygginga ved å ha vasskrafta vår som balansekraft. Derfor er kraftutveksling bra klimapolitikk som er heilt nødvendig for å fjerne den fossile energien som øydelegg klimaet vårt.

Når det er sagt, dei høge straumprisane me nå har kan ramme skeivt. Men heller enn at politikarar bruker dette til å kjempe mot nye utanlandskablar, bør me diskutere korleis me best kan bruke straumen og unngå å sløse med den. Utbygging av fornybar energi er nødvendig, men også den fornybare krafta har miljøkonsekvensar og me bør sjå på den som eit knappheitsgode me bruker med omhug.

Energisparing handlar ikkje om å dusje i kaldt vatn i mørket. Det handlar om å bruke straumen smartare, gjennom nye smarte energisystem i bustader, varmepumper, isolering, solfangarar og alle dei andre energisparingstiltaka. Kva med å bruke meir av avgiftene på straumen på tilskot til dei som vil energieffektivisere? Den mest miljøvennlege straumen er den du ikkje bruker.